Det Norske Teatret

Informações:

Sinopsis

Her får du reportasjar frå kulissane, den faste fredagssamtalen med regissørar og skodespelarar og introduksjon til aktuelle framsyningar.Podcastane skal gi deg eit innblikk i prosessane som leiar opp mot ei ferdig teaterframsyning, ein betre kjennskap til alle dei kreative sjelene på huset og skape eit bakteppe til framsyninga du skal sjå.

Episodios

  • Innsikt Om Édith Piaf og Marlene Dietrich

    26/05/2023 Duración: 10min

    Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Bakteppet om Romeo og Julie

    29/03/2023 Duración: 16min

    Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Gigangtkonkursen som endra verda • Lehman Brothers

    29/06/2021 Duración: 09min

    15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende. Dette er historia om den til då største konkursen i USA si historie. Fortalt og skrive av Einar Lie. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 10 • Elvis Presley Blues

    30/04/2021 Duración: 47min

    av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 9 • Utdrag frå 11 meter – Straffesparkets historie

    29/04/2021 Duración: 11min

    av Nils Henrik Smith, Kagge (2020). Fortalt av Kristoffer OlsenRegissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 8 • Langtransport

    28/04/2021 Duración: 16min

    av Gaute M. SortlandFortalt av Sarah Francesca BrænneRegissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 7 • Vegen til Aeshaness

    27/04/2021 Duración: 28min

    av Odd Goksøyr, frå «Aljamarkir», Det Norske Samlaget (2020).Fortalt av Unn Vibeke Hol Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 6 • Ryktet går

    26/04/2021 Duración: 22min

    av Einar Økland. Frå «Forteljingar og fablar frå andre tider», Det Norske Samlaget (2015). Fortalt av Hilde Olausson Regissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 5 • Heim

    23/04/2021 Duración: 18min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Marit Kaldhol. Frå «enno var dei kroppar», Det Norske Samlaget (2021).Fortalt av Andreas Koschinski Kvisgaard Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 4 • Ålen i glaset

    22/04/2021 Duración: 28min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Lars Petter Sveen. Frå «Ingenmannsland. Nye nynorske noveller», Det Norske Samlaget (2020).  Fortalt av Niklas Gundersen Regissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 3 • Eit besøk til Monk’s House

    21/04/2021 Duración: 18min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Gunnhild Øyehaug. Frå «Vonde blomar», Kolon (2020). Fortalt av Emil JohnsenRegissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 2 • Far og eg

    20/04/2021 Duración: 12min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Novelle av Pär Lagerkvist, originaltittel Far och jag frå «Onde sagor» (1924). Framført etter avtale med © Pär Lagerkvist Estate. Omsett frå svensk av Inger Johanne Sæterbakk (2021)Fortalt av Amund Sigurdssønn KarlsenRegissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 1 • Dei siste beatpoetane i Midt-Hordaland

    19/04/2021 Duración: 27min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Ragnar Hovland. Frå «Vegen smal og porte trong», Det Norske Samlaget (1981)Fortalt av Karl-Vidar Lende Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Tre kvinner - ei påskeforteljing

    27/03/2021 Duración: 23min

    Her får du høyre tre korte radiomonologar om kvinner i Jesu nærleik. Det er Salome som er mor til disiplane Jakob og Johannes. Det er Maria, Jesu mor, og det er Maria Magdalena.Dette er ei forteljing om påskebodskapen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Eit år for historiebøkene

    25/03/2021 Duración: 29min

    Lytt til ein samtale mellom Alfred Fidjestøl og teatersjef Erik Ulfsby om året 2020. Dette er ein podkast som tilhøyrer årsmeldinga 2020. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Vikla inn i blått • Del 2

    03/02/2021 Duración: 34min

    Kor skal ein begynne når ein skal fortelje om kunsten til den mangfaldige Bob Dylan? Johnny Borgan veit meir om "his Bobness" enn dei fleste, og gjer eit forsøk. Han startar midt i historia i denne podcasten som går over to delar. Dette er del 2. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Vikla inn i blått • Del 1

    02/02/2021 Duración: 22min

    Kor skal ein begynne når ein skal fortelje om kunsten til den mangfaldige Bob Dylan? Johnny Borgan veit meir om "his Bobness" enn dei fleste, og gjer eit forsøk. Han startar midt i historia i denne podcasten som går over to delar. Dette er del 1. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Linje 5

    07/01/2021 Duración: 23min

    Kva har sjølve T-bana å seie for korleis ein bydel utviklar seg? Dette får du vite meir om når Anne-Kristine Kronborgs fortel om Linje 5 og utbygginga i Groruddalen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • I røynda er det heilt stille

    22/05/2020 Duración: 09min

    24. mars, berre kort tid etter at teater over heile verda måtte lukke dørene, blei Roland Schimmelpfennigs essay The Show can’t go on publisert i Süddeutsche Zeitung. I denne korte teksten tar han for seg kunsten i krise.av Roland Schimmelpfennig Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Fossefestivalen: Ein samtale mellom Erik Ulfsby og Luk Perceval

    04/09/2019 Duración: 38min

    Den internasjonale Fossefestivalen opnar 6. september og Erik Ulfsby og den belgiske regissøren Luk Perceval snakkar om forventningar, eigne erfaringar og forholdet til Jon Fosse. Luk Perceval har regien på Trilogien som spelar på Hovudscenen frå 6. september. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

página 1 de 4