Mellom Bakkar Og Berg: Vassekte Strilapødcast

Informações:

Sinopsis

Podcast by Harald Gunnarsen og Kenneth Sangolt

Episodios

  • 05: Assortert tyleskap med Jens Brekke (Sognaspesial)

    17/11/2019 Duración: 01h21min

    Om folk, fe og forteljarkunst i fjordafylket. Mellom bakkar og berg tek konsekvensane av regionreforma, og reiser til Vik i Sogn for å treffe forfattar, lærar, bussjåfør og gammlalostentusiast Jens Brekke. Vi får servert historier frå Illustrert Tyleskap, som Brekke har gitt ut kvart år sidan 1996, og blir nærare kjend med Vik og våre nye samfylkingar. Jens er eit oppkomme av gode historier og smittande engasjement for munnleg forteljarkunst, og er den perfekte guide til fjordafylket for Mellom bakkar og berg-lyttarar. Den 19. aorgangen av Illustrert Tyleskap kjem ut i november, med tyleskap ved Jens Brekke og illustrasjonar av Ola Bremnes. Skaff deg eit eksemplar: ring Heimastølen Forlag på tlf. +47 915 25 682

  • 04: Bokdrøs og fyrstekake – ein samtale med Runar Dahle

    05/06/2019 Duración: 01h09min

    Mellom bakkar og berg inviterer forfattar Runar Dahle heim på ein kaffitår og ein skvett øl. Me set fram bakverk av beste sort på bordet i bestastøvo og høyrer han lese frå den siste boka si, "Forskjellen på blomster og ugras" (2017). Runar har vakse opp i Austrheim, og debuterte som forfattar på Gyldendal forlag i 2010. Som i hans eiga dikting, byr episoden på rikhaldige digresjonar om sjauing på Mongstad, skriveprosessen og ei dramatisk ulukke i England. Har me deg no, Runar Dahle?